Tur til Baståsen frå Fammestad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.234 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 20 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 427
Sesong: Hele året
Område: Nordhordland

Beskrivelse

Turen startar i frå ungdomshuset på Fammestad. Stien er skilta og merka. Turen går i lett terreng gjennom flott furuskog. På Baståsen er det ein flott gapahuk, med flott utsikt utover Eikanger og Osterfjorden. Her er det postkasse med turbok og tang til Myking sitt turkort. Ein kan gå tilbake same veg, eller følge løypa på kartet her. Her er det lagt inn ei sløyfe mot Skråfossen. Det tek ikkje noko lengre tid, og ein kjem tilbake til ungdomshuset denne vegen også. Turen er ca. 14 km lang tur/retur, og tek ca. 2t og 15 min.

Det går også sti vidare frå Baståsen og ned til Eikanger eller Vassel.

Turkortet er å få kjøpt på Nærbutikken på Myking.

Linker