Trakke eigne spor til Raudvatnet på ski - Samnanger

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 3.734 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 27
Sesong: Januar - April
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Ein skitur til Raudvatnet byr ikkje på dei brattaste bakkane, men det er mykje artig skikøyring for dei som likar å leike seg med skogskøyring. Med ca. 400 m stigning på 4 km går det jamt oppover frå fylkesvegen til snaufjellet. God utsikt til Samnangerfjorden og Bjørnafjorden.

Turen startar frå Gjenvinningsstasjonen i Samnanger der det er ein brøyta parkeringsplass og mogeleg å parkere langs gamlevegen. Skitraseen følgjer stort sett sommarstien og startar med 800 meter langs skogsveg før du tek av til venstre på stien som snor seg mellom furuleggar og bjørk. Det krev godt feste og balanse å sno seg opp over myrer og tuer, men etter kvart kjem du over skoggrensa og landskapet opnar seg.

Oppe ved Raudvatnet kan du ta ein velfortent pause og nyte utsikta over Samnanger. Om du vil forlenge turen med brattare bakkar har du Raudnipa rett i nord. Skitraseen tek av vest på Raudvatnet og svingar seg opp til opp til Holmavatnet før det går nordover mot Raudnipa.

Vil du ha ein slakare tur går løypa Krokvatnet og Fitjavatnet nordaustover frå nordenden av Raudvatnet. Terrenget står litt på tvers her, så følg gjerne andre spor om det finns.

Skitur i skogsterreng krev ein del snø og er best å gjennomføre om det er mjuk laus- eller påskesnø. Det er meir teknikk enn fart og fysikk som vert sett på prøve på denne turen, så fall er nesten obligatorisk.

Adkomst

Parkering ved BIR gjenvinningsstasjon Samnanger, ved F49, ca. 6 km aust for Trengereid

Stoppesteder

Skyss Rute 925. Busstopp 4-500m frå startpunkt.

Linker