Totræna vinterpark med skitur til Vardane - Samnanger

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 3.973 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 392
Sesong: Januar - April
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Skituren til Vardane (711 moh.) i Samnanger byr på skogsterreng og snaufjell, høg puls og variert skikøyring. Følg langrennsløypa ved Totræna vinterpark til «Magasuget» og ta til venstre inn i skogen. Herifrå går det som regel spor vidare oppover . Løypa snor seg fint gjennom småskogen, forbi nokre hytter og opp til fjells. Heile vegen i sørvendte hellingar med gode soltilhøve. Om dei 4 km opp til topps vert for kort, kan du forlenge turen mot Storenuten (Boganipa), heile vegen med utsikt ut Samnangerfjorden.

Totræna vinterpark:

Totræna Vinterpark er eit av dei mest snøsikre langrennsanlegga i Bergensområdet. Her er langrennsgruppa i Samnanger idrettslag er på pletten straks det er snø og preparerer den 5 kilometer lange langrennsløypa, og 2,5 kilometer turveg til Fitjavatnet. Området byd også på fine skogs- og fjellturar for dei som vil gå utanfor løypene.

Du kan ta skiene på ved parkeringa og etter 50 meter er du oppe på skistadion. Her er det smørebu med benkar, varmestove, utedo og skileik anlegg med akebakke og hoppbakke. Les meir om oppdaterte føreforhold og løypepreparering på heimesida til Totræna Vinterpark.

Dei preparerte løypene slynger seg rundt i det småkuperte terrenget og det er mulig å bryte av mange stader om du ikkje vil gå dei faste rundane på 1, 2, 3 eller 5 kilometer. Det er også mange lune furuhaugar rett ved løypa der du kan finne din eigen haug og nyte dagen med mat, drikke og skileik. Eit eldorado born i alle aldrar.

Tidsbruk:

3 km lysløype/ 5 km preparerte løyper

4 km til Vardane 2 timar opp/1 time ned

Adkomst

Totræna vinterpark, skilta frå F49 ved Frøland.

Avgiftsparkering (Vipps) ved skianlegget.

Linker