Jarlandsfjellet på ski - Samnanger

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 8.426 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 154
Sesong: Mars - Juni
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Når dei fleste har pakka vekk skiene etter påske er det enno rikeleg med snø i Samnangerfjella. I juni kan du gå på ski nesten heile natta i lyset frå solnedgongen vest i havet. Etter ein bratt oppstigning med ski på sekken Holmane kan du nyte sola og sommarkvelden 1000 moh. Her kan du speide etter folk på Tveitakvitingen og nyte utsikta til Gullfjellet, byfjella og havet i vest.

100 meter vest for avkøyringa til Totræna frå Fv 49, går vegen opp til Holmane. Etter 2 km flatar vegen ut, og det er parkeringsplass på venstre side av vegen cirka 300 moh. Gå over brua og følg skogsvegen om lag 400 meter nordover der stien tek bratt opp til høgre. Stien er lett å følgje med små vardar og steinsette myrer.

Som oftast er det mogleg å ta på skiene 800-900 moh. Så er det berre å følgje fennene i nordvesthellingane innover Jarlandsfjellet, Bjørnakultane og like til Raudaberget (1242). Traseen kan variere litt etter kvar snøen ligg, men sidan terrenget vender mot nordaust ligg snøen ofte til langt ut i Juni.

Samnanger Turlag har arrangert fellesturar her i juni fleire gongar, så sjekk gjerne turlaget sine sider om du vil ha følgje på turen. Terrenget er snørikt og bratt så dette er ikkje området å ferdast i om skredfaren er stor.

15 km og 5-7 timar t/r Raudaberget.

Vær og føre endrer seg raskt i vinterfjellet. Sørg for at du er forberedt og har med deg nødvendig utstyr for vinterfjellet. Kart, kompass og annet sikkerhetsutstyr til turen finner du i nettbutikken til DNT og Tursenter i de største byene.

Adkomst

Holmane, 2 km frå F49 ved Frøland.

Avgiftsparkering (Vipps).

Stoppesteder

Det er mulig å gå frå F49, men 2 km / 250m stigning. Skyss rute 925.

Linker