Familievennleg skitur frå Dyrkolbotn til Instebotn - Alver kommune

Om turen

Type: Skitur
Lengde: 7.716 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 184
Sesong: Januar - April
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

For nordhordlendingane er Romarheimsdalen og Dyrkolbotn kanskje det næraste ein kjem eit snøsikkert område om vinteren. Berre heilt unntaksvis kjem det år der isen ikkje ber og snøen kjem sparsamt. Og ein av dei finaste turane i dette området går til Instebotn.

Sjølve turen er stort sett flat, og du finn fine lier for leik og moro for både små og store.

Turen startar ved Botnavatnet like nedom Dyrkolbotn leirskule. På fine dagar rundt påske kan det vere trangt på parkeringsplassen, men elles i vintersesongen treng du ikkje leite etter ei luke.

Første etappe går i fin diagonal over Botnavatnet, eller Heimavatnet, inn til garden. Ei strekke som gir godt høve til å kjenne om du traff med valet av smøring. Sjølv om Dyrkolbotn gard berre ligg 350 moh, får du her ei kjensle av å vere på fjellet. Bjørkeskogen veks spredt, og dalen har ein eigen ro over seg. Her er framleis fast busetnad, og det er elles ei handfull hytter langs vatnet innetter.

Inst i Dyrkolbotn er det ei lita stigning opp til Fossvatnet, den einaste verkelege motebakken å bryne seg på på denne turen. Når du bikkar kanten, opnar landskapet seg mellom fjella, og vegen går vidare over Fossvatnet før du får landkjenning over Langaneset.

Dalføret innover er lunt og sør-vest-vendt, slik at solen strekk seg innover i fleire timar allereie frå slutten av januar månad. Du finn sol her i desember og tidleg januar òg, men då skal du planlegge turen litt.

Når du har gått Langaneset, kjem du over til neste vatn, som er Instebotnvatnet. Og der inne, på andre sida av vatnet, ligg Instebotn.

Det kjem elv ned både på høgre og venstre side inne i den breie botnen, så det er lurt å ta sikte midt over vatnet. Du finn allereie der ei fin li som passar godt til skileik og bålkos.

Vil du gå litt lengre, tar du til venstre inn i Midtbotn. Der var det frå gamalt av slåttemark, og det veks i dag ein stor og eventyrleg bjørkeskog. Lia opp frå Midtbotn, med Skreknolten bakom, er òg ein fin stad for leik og rast, eller du kan legge ruta litt vidare og runde rundt åsen og ned i sjølve Instebotn. Eit vakkert område som også var slåttemark tidlegare, og der det står att ei gammal utløe.

Returen går over åsen med fint unnarenn ned til vatnet igjen.

Turen er oppgitt som en tur/retur i lengde og tidsanvigelse.

Adkomst

Dyrkolbotn ligg mellom Bergen og Sognefjorden. 70 km nordover E39 frå Bergen. 45 km nordover E39 frå Knarvik. 40 km sørover E39 frå Oppedal.

Stoppesteder

Nor-Way Bussekspress og Vy Buss køyrer nordover E39 og stopper i Dyrkolbotn kryss, ein tur som tek 1 t 20 min. Frå krysset er det ca. 1 km å gå til Botnavatnet der turen startar. Eit alternativ er kl. 8.00 frå Bystasjonen i Bergen, med retur kl. 13.58 eller kl. 19.25.

Linker