Lett tur til Barlinda, Nord-Europas største barlind, Varaldsøy, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.466 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 179
Sesong: Hele året
Område: Folgefonna

Beskrivelse

Barlinda på Varaldsøy er Nord-Europas største barlind. Den er freda ved norsk lov. Treet er holt, og fint for ungane å klatra i.

Turkart: Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.

Parkering, start- og sluttpunkt: Glebakka. Parker på opplagsplassen ved elva. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Stien er T- merkt og skilta.

Høgdeskilnad: 230 - 280 moh.

TUROMTALE: Frå P-plassen går turen på skogsveg nordaust langs venstre side av elva. Etter 400 meter kryssar skogsvegen ein bekk, medan stien til Barlinda går langs venstre breidd, 200 meter nesten fram til ei hytte. Derfrå sti til venstre opp i åsen til Barlinda. 

Dette er ein fin tur for heile familien gjennom vakre skogsområde. Stien kan vera litt tilgrodd.

GODE RÅD: Elva ved P-plassen er kjelde for drikkevatnet på Varaldsøy, vis omsyn. 

Adkomst

Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn. Følg vegen ca 5 km til Glebakka, skilt på høgre side av vegen. 

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Linker