Tursti til Botnabrea frå Jukla kraftstasjon, Mauranger, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.512 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 425
Sesong: Juli - Oktober
Område: Folgefonna

Beskrivelse

TUROMTALE

Frå P-plass følg vegen forbi vegbom og på grusveg 1 km til Botnatjørna. Frå utkjørsla litt forbi demningen, går ein ned på flatene, for så å ta seg over bekkene på nordsida av Botnatjørna. 

Gå langs austsida av Botnatjørna til stien som rundar opp nordaust og inn i Botnane. Her er som eit klasserom for undervisning om korleis breane påverkar landskapet, med avsetjingar og morenerygger, og eit moseteppe som ein sjeldan ser maken til. 

Deretter er det bratt opp mot nord i laus grus og stein til markert skar. Her er ein såkalla ”påkastvarde”, dvs at alle som passerer her kastar på ein stein. Frå skaret kjem ein ned i dalen som leiar inn til Botnabrea. 

For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei delvis ulendt oppdagarferd i berga langs sørsida av bretunga. Her er uvanleg mange flotte og varierte is- og bergformasjonar.

GODE RÅD

Adkomst

Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no

Linker