Tursti til Hundsøyra frå Markjelke, Mauranger, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 16.676 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 8 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 857
Sesong: Juli - September
Område: Folgefonna Folgefonna nasjonalpark

Beskrivelse

.

TUROMTALE

På anleggsveg i sørleg retning ca. 300 m mot bru ved Svartedalen. Straks etter passering av brua (på ny trase) beint fram oppover på ryggen på nordvestsida av (utanfor) damområdet. Her kan ein sikta seg inn på - og følgja - ei kort rekke med høgspentmaster på høgda framfor. Etter to-tre hundre meter svingar ein deretter søraustover ned og inn på den gamle ruta i eit dalsøkk over sørvest-sida av Svartedalsdammen. 

Ved Hardingaskaret, over Austrepollen, er ein fin rasteplass. Her bør ein gå eit stykke ned i skaret og sjå utover. Det er mest utruleg at det har vore stølsveg opp gjennom skaret for hest og kyr. Herifrå kunne ein også ta seg over til Sørfjorden gjennom Kvitnadalen. Seinare vart stølsvegen i Hardingaskaret også brukt til turistveg vidare til Hundsøyra, Holmaskjer og ned til Odda. Hardingaskaret var rasutsett, og frå 1860-70-talet overtok ridevegen frå Gjerde om Mysevatnet til Hundsøyra mesteparten av ferdsla. Frå 1890 vart "Keisarstien" (no: Turistvegen over Folgefonna) frå Sunndal den mest brukte.

Hundsøyra ligg i brekanten og er markert med den største varden i området. Her er vidt utsyn i alle retningar. For dei som har erfaring med brekryssing, ligg Holmaskjer og nedgangen til Odda berre ein times tid unna.

GODE RÅD

Adkomst

Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass med informasjonstavle ved vegdele mot Svartedalen, like før Markjelkevatnet.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no

Linker