Rundtur til Brakhaug og Ørnnipen frå Herøysund, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.746 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 422
Sesong: Hele året
Område: Folgefonna

Beskrivelse

.

TUROMTALE

Følg skogsvegen opp frå Grendahuset 500 meter delvis bratt opp lia til vegen flatar ut ved skogsvegskilje. Ta til venstre ved skilt mot Brakhaug og følg skogsvegen 3-400 m til ei bru. Like etter brua svingar stien til Brakhaug opp til høgre frå skogsvegen. På Brakhaug er det bord og benker, utsikt over bygda og Onarheimsfjorden. 

Stien vidare til Ørnnipen går over på skogsveg som ein følgjer 500 meter fram til stien som fører litt ned og deretter opp på Ørnnipen. Her er også bord og benker, utsikt mot Rosendal, Tysnes og Stordfjella. 

Stien går etter kvart ned ein bratt skogsveg. Ta til høgre 30 meter før bekk, over eit gjerde, og ned til bygdevegen.

GODE RÅD

Adkomst

Ta av frå Fv 500 i Herøysund, nord eller sør, og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda, Bringedalsvegen 144.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Linker