Norddalsfjord Solheim skule til Plassen, Frishatten og Solheim skule. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.936 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 658
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen startar på parkeringsplassen ved skulen på Solheim.

Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen. 

Skogsvegen følgjer du vidare. På slutten av skogsvegen tek du bratt opp lia mot nordaust og skrår lia austover i furuskogsterreng til du kjem opp på ei flate. Då er du oppe på Plassen. 

Plassen er eit sentralt punkt der ein kan gå vidare mot fleire turmål. Då ser du Blåfjell rett over i nord og Dalreset vestafor. På turen opp til Plassen, der skogsvegen sluttar, er det nokre krevande parti og turen er gradert til Krevende (Rød). Turen ned via Frishatten er greiare å gå, men litt lengre.

Nedover mot Frishatten går ein vestover og føl mykje høgda til Kvamane. Det er dyretråkk som ein kan følgje. Frå Frishatten går ein ned til Skogsvegen som er same veg tilbake og over Langeberget til Solheim skule.

Sporet på kartet er gått 09 03 21 som ein rundtur.

God tur!

Adkomst

Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare fylkesveg Fv 544

Linker