NORDFJORDRYGGEN - frå Utviken til Sandane i Gloppen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 22.38 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1177
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Gå 4 toppar og avslutt med vakre Trivselsskogen.

Turen er like fin på ski som til fots! Variert og godt terreng å gå i, frå toppar til idylliske fjellvatn. Fjell og fjordutsikt heile vegen.

Vi startar på Utvikefjellet. Her går du utover fjellet til Fløtravarden, Snøfjellet/Grønskrea, Dunheia, Blånibba. Så går turen ned Rypeskaret til Bjørndalen og får ei perfekt avslutning ned via Fosseteateret eller Utsikten i Trivselsskogen til Sandane sentrum.

Turen er merka, og går på tydeleg veg og sti det aller meste av turen.  Total stigning er ca. 1110 meter og nedstigning er ca. 1730 meter.

Uansett kvar vi går er det viktig å ta omsyn. På Utvikefjellet er der ofte kyr, sjå "kuvettreglene": Lær deg kuvettreglene! (norskfriluftsliv.no)

Gå Nordfjordryggen og nyt naturen og utsikta til Indre Nordfjord, Breim og Eggenipa, breen, Gloppefjorden og dei vakre fjella rundt oss. Utsikta til Breimsvatnet og Skjorta er og nydeleg.

 

Adkomst

Køyr riksveg 60 til Utvikefjellet. Hugs å betal pareringsavgift.

Stoppesteder

Buss frå Sandane, Stryn, eller Skei