Tursti til Åkrastølen fra nedre P-plass, Åkra, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 10.404 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 5 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 575
Sesong: April - November
Område: Folgefonna

Beskrivelse

.

TUROMTALE

Frå nedre P-plass følger ein skogsbilvegen i 3 km inn i Åkradalen til neste P-plass (øvre). Derfrå følgjer ein tydeleg sti langs elva innover Åkradalen. 

Inne i dalen passerer ein Urene, der stien slyngjer seg mellom kampesteinar. Inst i dalen er ei lita trebru over elva, før Stølsbrekko. Oppe på kanten ligg Åkrastølen med tre stølshus. 

Dette er ein enkel familietur i eit vakkert dalføre med bekker og elvar, store steinar og den opne stølsvollen.

Rullestol: Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol, og har fast grusdekke. Stien har ei stigning på 370 høgdemeter på 3 km, og har enkelte bratte parti. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Fordel med kraftig elektrisk ute-rullestol.

GODE RÅD

Adkomst

Ta til venstre rett etter Åkra bru. Køyr 500 meter til P-plass (nedre) ved starten på skogsbilvegen. Mot bompengar kan ein køyra den om lag 3 km lange skogsbilvegen inn i Åkradalen til 450 moh. P-plass (øvre) ved vegenden. Skilt til Åkrastølen.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Linker