Tur til Håøy friluftsområde - Flatøy, Alver kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.496 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 62
Sesong: Hele året
Område: Nordhordland

Beskrivelse

Håøy er eit landemerke i Nordhordland. Her er det mange mogelegheitar. Du kan til dømes ta ein tur til Håøytoppen, utforske livet i fjæra, eller ta eit bad.

Området er vakkert og romsleg, ligg fint midt i leia og er ein populær utfartsplass for heile regionen. Tidlegare militært område med mange verneverdige krigsminne. Den gamle forvaltarbustaden er ein viktig del av miljøet. Gangveg til utsiktspunkt på toppen av Håøya. På austsida er det òg rydda ein gangsti.

I området er det fortøyingsboltar, fortøyningsbøye, brygge for småbåtar og hovudkai med leidarar for ombord- og ilandstiging. Toalett, fast grill, bord/benk ved kaien. Informasjonstavle som syner kulturminne i øvre del av gressmarken. Plakat for friluftslivsområdet på toalettbygget.

Gode høve for telting. Området er mykje nytta av speidarar og skuleklassar. Eit av nausta ved den inste bryggja er opent, og kan nyttast som skjul ved dårleg vêr.

Adkomst

Frå Bergen, følg E39 nordover mot Knarvik. Etter Nordhordlandsbroa, på Flatøy er det ein stor parkeringsplass ved stistart til Håøy. Informasjonstavler og god merking.

Friluftsområdet er tilrettelagt for sjø/båtliv.  

Stoppesteder

Se skyss. Buss 300 fra Bergen. 

Linker