Tursti til Vikastølen frå øvre P-plass, Åkra, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.658 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 203
Sesong: April - November
Område: Folgefonna

Beskrivelse

.

TUROMTALE

Frå øvre P-plass ved enden av skogsvegen er det god og tydeleg sti i lett terreng ca 2,5 km nordover til Vikastølen.

Stien følgjer stort sett kraftlina. Under Stølshaugen er det eit stidele. Til høgre mot Vasstølen eller rett fram mot Vikastølen. Like sør for Stølsvatnet kryssar ein elva på ei enkel bru.

Dette er ein opplevingsrik tur for små og store, i nærkontakt med det vakre kulturlandskapet i Åkrabygda med tilhøyrande utmarks- og fjellområde.

Rullestol: Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol og har fast grusdekke. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Stien har ei stigning på 300 høgdemeter på 3 km og har enkelte bratte parti. Fordel med kraftig elektrisk ute-rullestol.

GODE RÅD

Adkomst

Ta til venstre i fyrste vegdele, 50 meter før Åkra bru. Køyr 500 meter og ta til venstre ved postkassestativ med skilt til Vikastølen. P-plass (nedre) ved grinda i starten på skogsbilvegen. Parkeringsavgift. Mot bompengar kan ein køyra den 3 km lange skogsbilvegen til 425 moh. Øvre P-plass ligg ved vegenden rett etter ei bru. Skilt til Vikastølen.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Linker