Tursti til Landåsen på Halsnøy, Kvinnherad

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.836 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 233
Sesong: Hele året
Område: Folgefonna

Beskrivelse

.

TUROMTALE

Frå parkeringsplassen går ein på skogsveg opp lia. Ta til høgre i det første skogsvegkrysset og til høgre i det andre høgare oppe. Det er god sti siste hundre meter frå skogsvegen opp til toppen.

Returen kan ein ta same vegen, men også som rundtur på merkt løype til høgre mot søndre Landåsen som er 10 meter lågare. Derfrå går ein på merkt sti ned mot beitet Ikornemyra øvst i Rudledalen og vidare på skogsveg til møtes med vegen ein gjekk opp (første vegkryss). Herfrå er det eit par hundre meter ned til P-plass.

Dette er ein lett og fin trimtur, løypa kan gjerne gåast motsett veg.

Jettegrytene på det eine bildet er ikkje på sjølve åsen. Dei finn ein ca. 30 meter vest for svingen før Fjellandsvatnet, nær elva.

Adkomst

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sydnes. Følg denne vegen 1 km til turskilt mot venstre. Parkering på tømmerplassen der, men parker slik at du ikkje hindrar oppkøyringa til åsen.

Stoppesteder

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Linker