Type: | Fottur |
Lengde: | 1.65 km |
Turen går: | Turen går én vei, fra A-B |
Varighet: | 3 timer |
Gradering: | Middels |
Høydemeter totalt: | 595 |
Sesong: | - |
Område: | Fjordane |
Parker ved den gamle steinbrua i Ytredalen. Kryss E39 og gå gjennom grinda ved bua som står ved vegen. Gå ca. 100 - 150 meter oppover mot bjørkeskogen. Her vil du kome på stølsvegen som går frå Ytredalen til Ytredalsstølen. Stien er ikkje merka, men skal vere lett å følgje opp den bratte skoglia til stølen. Du vil fleire stader sjå løypestrengen som var brukt den gongen det var stølsdrift. Oppe på Ytredalsstølen kan det anbefalast å ta ein liten avstikkar bort på høgda Holten. Her er det fin utsikt oppover Ytredalen og Dregebø, ned til Skår og Vadheim og utover Vadheimsfjorden.
Berekn ca. 1,5 time frå Ytredalen til Ytredalstølen og ca. 3 timar tur/retur.