Trongedalsnipa i Stad kommune

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.451 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 649
Sesong: Mai - September
Område: Fjordane

Beskrivelse

Trongedalsnipa, med flott usikt ned mot Løysingevatna, ligg på grensa mellom Volda og gamle Eid kommune. Ein kan gå via Ytre Fannstøylen (Stårheimsdalen). Stien går vidare over nokre myrer, kryssar elva og held fram vidare opp til Løysingevatna. Her tek ein til høgre over ein liten topp og vidare opp til kanten bortover (venstre, nord) til toppen, som ligg på 880 moh.

Om ein ynskjer ein lengre tur, kan ein ta sti mot venstre før ein går opp til Løysingevatna, opp til Kvanndalsegga/Blåfjell, og vidare over Løysingvasseggene. Her kan ein då gå mellom Løysingevatna, og kome til Trongedalsnipa frå nordsida.

Adkomst

Parker i Stårheimsdalen, anten på venstre eller høgre side (Sigrona) av elva (2 parkeringsplassar).