Eitorn- Skopasete

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.499 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 dager
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 479
Sesong: April - Oktober
Område: Breheimen med jostedalsbreen Kvinnafossen naturreservat

Beskrivelse

Skoparsete er eit stølsområde som gøymer seg aust for Kvinnafossen i ei høgd av ca 450 moh. Det er fleire måtar å kome opp dit. Eit alternativ er å starte ved Eitorn og gå mot Skoparsete over Kvinnafossen.

Turen er som ein lengre og slakare bakke. Turen tek deg til like over Kvinnafossen. Her kan du gå ut på kanten og kike ned. Personleg likar eg mykje betre å stå nede i vegen og kike opp.

Vegetasjonen held plassen og stien opp frå Sognefjordvegen i si klamme hand. Ut på sommaren kan det godt vere at du ikkje ser over graset om du er under 1,60 m høgn. Nede i Eitorn passerer du gjennom eit tun med hus, stabbur og fjøs som tidas tann gneg på. Du bør nok lytte og sjå etter om det er ting som kan dette ned frå det største huset der. Grendalaget har sett opp skilt med litt historie på ulike plassar. Du passerer krysset på Trodlahaugen der stien til Myrsete, ein støl på vestsida av Kvinna, skil lag frå stien til Skoparsete. Du går opent lende, sjølv om naturen et seg godt inn på tidlegare slåtteteigar.  

Bilete og tekst hentå frå Arild Bjørk si side: https://bjrk.no/2011/02/25/tur-skoparsete-til-eitorn/ 

Adkomst

Parker ved parkeringslomme ved Eiton

Linker