Topptur til Barnakona

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.786 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 7 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 1036
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Har du køyrt gjennom Sogndalsdalen?

Da har du garantert fått auga på Barnakona! I einsom prakt troner dette fjellet over Anestølen, og får alle med ein turspire inni seg, eit ynskje om å stå på toppen!

Turen til Barnakona er stedvis merka opp via "Vombi" (ryggen/fremsida) til Barnakona 1398 moh. "Vombi" eller" magen", ser du tydeleg frå inngjort parkeringsplass ved Anestølen.

Merkinga starter frå like etter passering av bru over Tverrdalselvi, det er bratt og ulendt terreng spesielt til du kjem over "Vombi", frå "Vombi" og opp er det flott høgfjellsterreng.

Stien kan vera vanskeleg å finna heilt i starten, men til våren 2022 vil det vera skilta der stien tek av mot Barnakona.

Vidare frå Barnakona og ned i Tverrdalen er det ikkje merka, men følg ryggen vidare frå toppen ned mot bandet i nord, omlag 100 meter frå toppen finn du eitt blokk/svaparti som skråner ned mot Tverrdalen. Hold retning mot sørenden av Tverrdalsvatn, og kryss deg ned i dalen. Her finn du stien som tek deg ned i Tverrdalen og vidare til Anestølen.

Hugs kart over området, og utvis stor varsemd ved våte forhold!

Adkomst

Køyr inn og parker ved Anestølen i Sogndalsdalen, følg skilt.