Huldafossen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.504 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 221
Sesong: Hele året
Område: Nærøyfjorden landskapsvernområde Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå Fresvik kan du ta turen til Huldafossen. Turen til Huldafossen er ein lett tur på ca 2,5 km ein veg. Stien går til Storøyna, eit ope område som vert nytta til sauebeite. Hugs å lat att grindar på turen. For å koma til området kan du køyra på bilvegen frå bygda til stølen Engi. Ynskjer du ein lenger tur kan du parkera lenger nede i dalen, og gå grusvegen til stølen. Frå Engi går det sti inn Stordalen med flott utsikt til Huldafossen og Fresvikbreen. 

Ver forsiktig med å gå for nær opp til fossane, på grunn av fare for steinsprang. På Bjørkehaug, før Storøyna, er det ei trimkasse. Herifrå går stien bratt opp til høgre til stølen Helgedalen. Denne stølen er ikkje lenger i bruk, og det er berre tufter att av dei gamle stølshusa.

God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under

Sporlaus ferdsel

Adkomst

For å koma til området kan du køyra på bilvegen frå bygda Fresvik til stølen Engi. Ynskjer du ein lenger tur kan du parkera lenger nede i dalen, og gå grusvegen til stølen.