Stalheimsfossen

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.342 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 106
Sesong: Hele året
Område: Nærøyfjorden landskapsvernområde Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Kort vandring til ein mektig foss!

Dette er ein kort og lett tur til foten av mektige Stalheimsfossen. Stien startar ved ei informasjonstavle ved botnen av Stalheimskleiva og går innover på venstre side av elva. Stien er brei og lett å gå, godt tilrettelagt for både rullestol og barnevogn. 

Nærleiken til elva gjer det til ei stor natoroppleving å gå her. Ein går gjennom mykje skog innover det vetle "juvet" heilt til det opnar seg opp ca 200 m frå fossen. Her kjem ein tilslutt fram til ei rampe/utsiktspunkt det ein kan nyte fossen på trygg avstand. Fossen har ei total fallhøgd på 126 meter og er med det den 95. høgaste fossen i Noreg.

OBS: Ved stor vassføring kan fossespruten drive nedover forbi utsiktspunktet og ein må rekne med å bli våt.

God tur i verdsarven! Me vonar du vil nyte eit av dei vakraste fjordområda i verda, og hjelpe oss med å ivareta naturen her. Sjå punkta under

Sporlaus ferdsel

Adkomst

Ein kan enten gå ned Stalheimskleiva frå Stalheim hotell (ca 45 min) eller parkere bilen nedst på ein liten parkeringsplass ca 100 meter frå vegkrysset mellom Stalheimskleiva og E16.