Utsiktstur til Gjøvågsfjellet på Reksteren, Tysnes

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.936 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 297
Sesong: Hele året
Område: Sunnhordland

Beskrivelse

Gjøvåg er einaste staden på vestsida av Reksteren der det er småbåthamn, og det kan vera eit godt utgangspunkt for ein tur opp på toppen. Det er ei lita gjestehamn her. Ein følgjer då bilvegen ca. 1 km opp til krysset mot Kaldafoss. Stien startar i svingen rett ovanfor krysset og er merkt med turskilt der han tek av frå hovudvegen.

Første del av turen går på ein gamal veg frå slutten av 1800-talet. Der denne gamle vegtraseen kryssar ei lita elv, i starten på turen, er det ei gamal bru laga av store steinheller. Litt lengre inne svingar stien opp mot høgre, og ein stig raskt oppover til Åsen, som ligg på ca. 200 moh. Alt no har ein god utsikt mot vest og nord og over heile Gjøvåg. Stien er delvis tydeleg og er delvis merkt med raude merke.

Frå Åsen flatar stien noko ut og endar på Gjøvågsfjellet, 306 moh. Utsikt rundt i alle retningar og heilt til havs!

Adkomst

Følg bilvegen frå gjestehamn på Gjøvåg i ca. 1 km.

Stoppesteder

Linker