Fottur til Skigrov

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.237 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 107
Sesong: April - Oktober
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Godt merka og god sti, men kan være litt glatt over nokon svaberg i nedbørsperiodar. Stien passerer ein husmannsplass Halabrekka før stigninga tek til. Fleire flotte utsiktspunkt før Badnestein, 305 moh, som er SjekkUT-post. 

I gamle dagar fekk ungane gå hit for å møte dei som kom frå fjellet. Her får du panoramautsikt over Ljøsnebygda. Ein relativt lett tur dit på vel 1,3 km, og ca. 280 høgdemeter. 

Stien går vidare opp Tynjaåsen, me går forbi fleire stadnamnskilt, mellom anna Krosshedler, Halvfarsvingen, kor det er halvvegs opp til Skigrov, Smørklepp. Vinkjelda, Holkeperløa, ta ein liten tur til løa og du skjønar at Holkeper var ein stor og sterk kar! Like over tregrensa kjem me til Triangelpunktet, steinen der er kløyvd av lynnedslag i nyare tid. SjekkUT-post. Flott utsikt! Stien føl fjellet innover, og etter om lag 20 min deler den seg, Skigrov er etter stien som går til venstre, den er godt merka.

Der står ei steinhytte som kunstmålaren Hans Gjesme ofte nytta når han henta inspirasjon til bileta sine. Turlaget restaurerte steinhytta i 1996. Fin utsikt oppover Tynjadalen. SjekkUT-post.

Turen er og fin som trugetur på vinteren.

Adkomst

Ta av frå E16 ved Tønjum kyrkje mot Mo. Køyr ca. ein km, ta av til høgre mot Tynjadalen, og stopp ved ferist. Turstien startar der.