Tur til Fagerset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.998 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 3 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1076
Sesong: April - Oktober
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Staden med kanskje den flottaste utsikten i Indre Sogn! 

Turen byrjar ved ferjekaien på Fodnes. Parker bilen på P-plass 50 m forbi kaien. NB! Ikkje køyr inn ti garden! Følg den private grusvegen til Fodnes. Stien tek opp til venstre omlag 30 m før fjøsen, og følg godt merka og god sti oppover fjellryggen. Stien er rekna for ein av dei beste i Lærdal kommune. Det er stort sett torv med barnål, og ruta går i glissen furuskog. Ved sidan av stien ser ein stolpekar etter kraftlinja Fodnes – Lærdal. Du ser og nokre lokale stadnamnskilt som Lisbethaugen og Grisagarden. Den mest kjende er nok St. Olavskjelda som har fått namnet etter ei segn som seier at Heilage Olav reid her med hesten sin, og at hesten slo hoven i bakken og fann vatn. SjekkUT-post. 

Vidare oppover kjem du til Stegen (565 moh), eit flott utsiktspunkt kor du ser innover Lærdalsfjorden og ut Sognefjorden. Derifrå og opp til der stien deler seg til Vetanosi og Fagerset er det nokre bratte kneiker. Du tek til venstre og kjem etter ei stund til Skreda, kor det i 1920 gjekk ei stor skreda som mellom anna tok med seg skulehuset i grenda Strendene ved fjorden. Faret etter skreda synes enda. Snart er du over tregrensa og framme på Fagerset, ta deg tid til å nyta utsikten!

Turen er og mykje nytta på truger.

Vidare kan du gå over Storeskar eller Vetanosi og ned til Stødno i Lærdal.

Adkomst

Turen byrjar ved ferjekaien på Fodnes. Parker bilen på P-plass 50 m forbi kaien.