Norddalsfjord Solheim skule til Frishatten og Stor Stein. Rundtur

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.372 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 468
Sesong: Mars - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Dette er turen for deg som set pris på store steinar og i området omkring Frishatten er det fleire store steinar. Vel verdt å leite etter.  

Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. 

Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen. Følg skogsvegen nesten til endes der det går ein «arm» av skogsvegen oppover til høgre. Følg denne til endes og sti vidare nordvest over til du kjem til Frishatten, 281 moh.

Når du er kommen til Frishatten og har hatt glede av utsikta sørover og austover ei stund, er det fint å gå vidare 500 til 600 meter nord/nord-vest til eit flott utsiktspunkt. 

Frå utsiktspunktet får du ei storslagen utsikt over Gjelefjellet, Svanevatnet, Storevatnet, Fessevatnet og fjellområda rundt. I dette området er det mange rare furutrær, dei har vakse med sola og vridd seg. Stammane som er vridde er sterke og var tidlegare ettertrakta som gjerdepålar. Går du nord til kanten av utsiktsplassen finn du eit skilt på ei furu med "Blåsteinen" ligg på ca 270 moh.

Turen fortset sørover og vest for toppen. Følg sporet på kartet til du kjem ned på Reset og møter stien frå Svanevatnet . Er du heldig og finn det rette sporet, passerer du ein Stor Stein rett før du kjem ned på Reset. Gå stien tilbake til skogsvegen og følg den nedover. Ta av til stien som går over Langeberget og snart er du ved bilen.

God tur!

Adkomst

Følg Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare på Fv 644 til Solheim skule

Linker