Kattanakken Briksdalen - krevjande

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.976 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 1597
Sesong: Juni - September
Område: Breheimen med jostedalsbreen Jostedalsbreen nasjonalpark

Beskrivelse

Kattanakken i Briksdalen, 160 moh - 1650 moh (3 - 4 t ), er ein krevjande tur som ser snill ut i dei fyrste to kilometrane, men etter kvart blir den krevjande.

Startpunkt frå Briksdalsbre Fjellstove. Følg tilrettelagt gangveg mot Briksdalsbreen. Etter 1,9 km ( 350 moh) går ein inn på ein fysisk krevjande sti (3,8 km) med luftig kliving for å kome heilt opp på egga som fører vidare inn på rute mot Kvitesteinsvarden eller Slingsbyvarden. I byrjinga av juni vil ein kunne oppleve å møte noko snø på enkelte skuggeparti før Sauskorholten. På regnvåte dagar bør ein helst finne seg ein annan tur.

Grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark går 100 meter etter at ein tek av og opp i sørleg retning frå gangvegen. Ein kjem her inn på eit svaberg som ein føl oppover i om lag 200 meters lengde. Stien er knapt merkt og lite tilrettelagt, men kiker ein mot høgre finn ein restane etter i eit varda parti. Her gjer stien vidare gir seg sjølv.

Stien opp Kattanakken var i si tid fyrste delen på ei klassisk patentrute (DNT-føring frå 1890-åra) over til Tungastølen og Austerdalen, men lever i dag sitt eige liv. Dei som forvaltar nasjonalparken ser helst at det førebels ikkje blir gjort inngrep og tiltak for å betre ruta opp mot sjølve nakken. Derfor bør ein væra røynd turgåar med gode sko, og ha nokre treningsøkter i kroppen, for å gå den bratte fjellturen.

På Sauskorholten, vel 900 moh, skifter ruta frå vestleg retning og klyv vidare rett syd mot sjølve nakken. Her bør ein ta ein pust i bakken og nyte utsikta over Oldedalen og sjå bakover mot Briksdalsbreen. Det er og viktig å samle kreftene før ein tek til med kliving på det luftige partiet. Den brattaste og vanskelegaste staden kjem rett etter pausen. Her tenderer det til klatring. Det er bratte sva med lite feste. Er det vått i terrenget er det vanskeleg å ta seg over.

Hugs på at turen ikkje er ferdig når du er på toppen av egga, omlag 1450 moh. Du skal ned att same vegen som du kom opp. På regnvåte dagar må du væra ekstra varsam.

Adkomst

Bilveg til Briksdalsbre Fjellstove - Fv.5724 fra Olden til Briksdalen, 22 km. Heile året.

Stoppesteder

Brebussen t/r Stryn - Briksdalsbre Fjellstove i sommarsesongen 1.06 - 31.08. Ein time kvar veg. Sjekk kringom.no

Linker