Åsefjellnyken

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 2.186 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 45 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 232
Sesong: Mai - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen byrjar ved Hjelmelandssætra i Remmedalen.

På starten av turen skal du følge ei "steinrås" som er på venstre sida rett etter parkeringsplassen, før du kjem opp til eit sel. Du skal gå på høgre sida av selet.

Mellom selet og "ryggen" mot toppen er det ikkje ei veldig tydeleg rås/sti, så det er lurt å følge merkinga godt.

Når ein har kome opp på "ryggen" er det fin rås/sti heile vegen til toppen.

Det er merka både med merkepinnar og med turbomerker.

Enkelte delar av turen er litt våte, så det kan vere lurt å ha på seg sko som tåler litt vatn.

Adkomst

Køyr mot Remmedalen, fordi Bakke sag. Etter ei lita stund vil du kunne svinge av mot Reset der ein parkerer for å gå på Naustdalskamben, her skal du svinge til høgre inn på skogsvegen på motsett side av hovudvegen. Så køyrer du denne skogsvegen til du kjem til ein stor parkeringsplass, Hjelmelandssætra.