Type: | Fottur |
Lengde: | 10.986 km |
Turen går: | Turen går tur/retur samme vei |
Varighet: | 5 timer 30 minutter |
Gradering: | Krevende |
Høydemeter totalt: | 987 |
Sesong: | Juni - September |
Område: | Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene |
Ute på Bordalen ligg toppen Karaldenuten 1295 moh, over Ålvik og på kanten av Hardangerfjorden. Turen opp frå Rong tek 2-3 timar. Bratte kneikar vert løna med fantastisk utsikt på toppen. Dette er ein nydeleg tur heile året med ulike ruteval. Området byr også på spanande badeplassar.
På Rong ser du godt profilen til fjella Herdabreida til venstre og Karaldenuten til høgre, som reiser seg i sør. Du fylgjer T-merkt løype frå Rong og innover langs bilveg i ca 3 km fram til Løkjane. Her går T-merkinga vidare på god sti.
Berggrunnen er prega av mjuk fyllitt og det gjer at elva har laga mange spesielle fossar og juv frå Haugamoen og oppover. Det er eit fantastisk elvegjuv med stor kulp og foss ved Løkjane.
Snart ser du det frodige Grunganevatnet midt imot. T-merkinga fortset vidare langs vatnet til Grunganestølen, opp på Grubbafjellet, og bratt ned til Ålvik. Når du skal på Karaldenuten forlet du derimot T-merkinga ved starten av Grungavatnet og tek til høgre over elva nedanfor den vesle demningen. Det er ikkje bru i området så du må vada over elva. Viss periodar i snøsmeltinga om våren kan elva vera stor og vanskeleg å komma over. På andre sida ser du varding oppover mot sør. Snart er du oppe på snaufjellet og fylgjer små avsatsar oppover. Fjellet har artige faldingar og bekkar med fine drikkekulpar. Utsikta er flott ned att til Grungane og Bordalen. Når ein nærmar seg toppen kryssar ein ofte nokre snøfonner.
Fjordutsikt:
Oppe på toppkanten får du ei panoramautsikt 1295 m over den blå Hardangerfjorden, der Folgefonna sin kvite kuppel ligg rett bak. Rett nedunder fjellet mot sør går også den stupbratte Roaldsdalen ned til Ålvik, som ligg i skjul der nede ved fjorden. Her kom tyskarane opp 23. April 1940 frå Ålvik og gjekk langs Karaldevatnet og Steinsetavatnet til Rong. Det var desse dagane det var bombing av Vossevangen og ulike trefningar rundt i bygda.
Det er eit flott skrin med ei bok til å skriva seg inn på toppen av Karaldenuten , og eit lite vatn til å ta ein velfortent dukkert i sommarvarmen. Det er den erfarne fjellvandraren Arnfinn Lydvo, som er godt kjent i området, som har varda løypa til toppen slik at også andre kan få nyta den flotte utsikta. Han fortel at det er ein spesiell geologi og botanikk her på fjellet. På sørsida er det kalk i fjellet som gjer at mellom anna fjellnøkleblom veks.
Han anbefalar å gå ned att mot vest for å få ein flott rundtur. Ein tek då mot sør 100 høgdemeter nedover og dreier så mot vest for å ta seg lett ta ned til Steinsetavatnet. På sørsida av Steinsetavatnet går det varda sti ned att til Løkjane. Denne vegen ned att er litt lenger enn vegen opp, men det er ein flott tur.
Høgdeskilnad: ca. 800 m
Kart: Voss 1316 lell og 1315-IV Jondal
Teksten er henta frå Sveinung Klyve si bok "Kremturar i Vossafjella - 50 fantastiske dagsturar i Voss og omegn"
Du køyrer frå Voss sentrum utover Bordalen i grøderikt jordbrukslandskap med elva djupt nedi Bordalsgjelet. Lenger ute går vegen langs den vakre Bordalselva og omlag 2 km før Rong køyrer du over ei gamal flott steinbru som er verd ein stogg . Etter 15 km frå Voss er du heilt til endes av vegen og kjem du til Rong Fjellstove. Her på Rongastovo er det god parkering og startpunkt for fleire turmål. Fjellstova er ikkje fast betjent, men større grupper kan bestilla tradisjonsrik mat frå Voss og overnatting. Sjå meir på www.rongastovo.no.