Markusteigen - Storanosi - Brandset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 14.871 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 7 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 965
Sesong: Juni - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Ein flott tur over toppane på sørsida av Oppheimsvatnet.

Gå over brua og følg stien til Groastølen. Frå Groastølen følger du groa til venste mot Sauatjørnane. Gå på baksida av Vetlanosi. Her er det flott utsikt ned mot stølen Fyrjo. Her går du opp bratt opp til varden på Vetlanosi. Dette er eit flott utkikkspunkt. Gå vidare mot Storanosi og bratt opp til varden. Gå vidare bort til Eggjane. Herifrå går du ned i Reinstjørneskaret og bak Middagshovden (1070 moh.) og følg ei egg. Du passerer ein steinmur. Gå til hytta i Prinsabotn. Følg T-merkt sti ned til Brandset.

Avsluttar når du kjem ned til vegen ved Brandset.

Adkomst

Køyr mot Oppheim og ta av til Vasstrondvegen rett før Oppheimsvatnet. Køyr vidare inn på Langedalsvegen og følg denne til Markusteigen. Parker rett før brua.