Frå Hardangerfjorden til Sognefjorden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 59.824 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 dager
Gradering: Ekstra krevende
Høydemeter totalt: 2278
Sesong: Juni - Oktober
Område: Grånosmyrane naturreservat Nærøyfjorden landskapsvernområde Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Ein flott tredagarstur frå Ulvik i Hardanger til Flåm i Aurland, med overnatting på Kårdal Fjellstove og Grindaflethytta.

Dag 1:

Du startar i Ulvik og følgjer vegen til Sotenos. Her startar T-merkt sti. Følg skilting og T-merkt sti mot Mjølfjell. Gå innover Tyssedalen, forbi Tyssedalsstølen. God sti opp mot Fallet, forbi Badnatjørni. Her ser ein flotte jettegryter på andre sida. Gå bratt ned Jerikoen, langs Vesetvatnet, forbi BT-hytten, langs Rundavatnet og ned til Urdlandsstølen. Gå over hengebrua til ein kjem til Raundalsvegen. Gå austover til Kårdal fjellstove. Her kan du ovenatte. 19 km.

Dag 2:

Start på Kårdal Fjellstove. Gå på veg til Ljosandbotnen og vidare på sti langs elva i Ljosanddalen, forbi Borgarebu og langs Borgarebuvotni på nordsida. Vidare nordover forbi Svehaugane til sommarbru over elva 1 km aust for Elvamotet. Stien går opp på Kvelven og ned til sommarbru over Stordalselvi. Langs vestsida av Storehaugvatnet, opp i Jøtebotnskaret mellom Såteggi og Raudeggi, dyregraver i stigningen. Vidare mot nordaust til utløpsosen av Grindafletvatni, over sommarbru og til hytta. 21 km.

Dag 3:

Frå Grindaflethytta austover til bru over utløpsosen av Grindafletvatni. Videre søraust over Raudeggi forbi noraustleg side av Raudeggvatnet. Følg nordsida av Soleifletvatnet og austover til Gunnhildabakkane mot Jordalsskavlen. Bratt ned på sida av Jordalsskavlen ( ved store snømengder kan dette vere eit utsett område). Vidare langs sørsida av Skratlandevatnet og over elva i utløpsosen, og ned langs nordsida av elva. Kryss elva ved tregrensa. Ved høg vassføring må ein rekne med vading. Ned Ljosdalen og vidare på gammal kløvsti i mange slyng. Det er bratt i fjellsida på sørsida av Ljosdøla. Fra Brekke ca. 2 km på veg til Flåm stasjon. 19,4 km.

Adkomst

Køyr til Ulvik.

Linker