Stødno – Fagerset – Fodnes

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 12.618 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 4 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 1248
Sesong: April - November
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Start ved infotavla på gardsvegen inn mot Stødno, føl stien ved elvi, og ta til høgre mot Åsen i stikryss. Vidare opp etter god og godt merka sti. Etter kvart kjem du til mange lokale stadnamn og gode utsiktspunkt, m a Krækane og Synshamar. Frå Synshamar er det ikkje langt til stølen. 

Ein kan og frå Åsen gå til Berdalen og Lusahusa, derifrå nedatt til Stødno. Frå stølen og vidare opp forbi Storamyri og til stidele, der kan ein velja mellom å gå etter stolpekara (indre lei) frå kraftlinja mellom Fodnes og Lærdal, eller følgje åskanten (ytre lei) mot fjorden, over Vetanosi 1134 moh, og ned til Fagerset. Begge stiane er merka. 

Turstien etter åskanten gjev best utsikt, særskilt frå Vetanosi, ein gammalt vetestad. Derifrå er det panorama over stort sett heile Indre Sogn. Vel du å gå etter stolpekara får du flott utsyn over Tunga, Slanane og Berdalen. Området er rikt på vilt, særleg hjort. Turstien går gjennom Storaskar og ned til Fagerset, og du finn ikkje vatn før du kjem dit. Frå Fagerset og ned til Fodnes går du m a forbi Stegen (565 moh), ein flott utsiktsstad, St Olavskjelda, kor hesten til Heilage Olav slo hoven i berget og fann vatn, og fleire andre lokale stadnamn nedover til Fodnes.

Lengd indre lei omlag 12,9 km, om lag 4:30 timar utan pausar.

Adkomst

Ta av frå Rv 5 ved Sviggum i Lærdal, ta til venstre rett etter Sjukehusbrui, liten parkering rett før turstien byrjar. NB! Ikkje bruk stor plass!