Eråksdalen rundt

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.626 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 268
Sesong: Mars - Oktober
Område: Skarvheimen

Beskrivelse

Start ved vandrarheimen på Borlaug og følg RV 52 eit par hundre meter. Ta av til høgre, Du kjem no inn i eit flott kulturlandskap med mange grunnmurar etter husmannsplassar her! Dyr på beite, hald hunden i band! Føl merking gjennom beitelandet til du kjem til ei bru. Der tek du til venstre, og går oppover dalen. God sti og merking, men det kan væra litt blautt nokre plassar. Om litt kjem du til Kolahaugen, kor det har vori kolbrenning. SjekkUT-post. 

Stien vidare er god, dalen er trong til du kjem opp på gamle Eråkstølen, der den vidar seg ut. I Eråksdalen var det mange stølar tidlegare, ein finn mange grunnmurar om ein leitar litt. Nokre hundre meter etter stølen må du krysse RV 52 i ein sving, ver varsam ! Du går så gjennom tunet på Bergstølen, og ned gjennom eit flott kulturlandskap som beitande sau held i hevd. Du kjem til Vetlegjerdet, og snart er du nede på RV 52 att. No er det berre 200 meter til vandrarheimen og du har gått ein fin rundtur. Obs på jakt fra 1. sept!

Lengd 5,6 km, 2 timar.

Adkomst

Start ved vandrarheimen på Borlaug