Portevarden, frå Asheim

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.433 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 797
Sesong: Mars - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Ca. 200 m aust for parkeringsplassen er det skilta mot Asheimdalen. Følg vegen til du kjem til skilt mot Asheimstølen og vidare sti/rås. Bratt stigning nesten heile vegen. Litt nedoverbakke før Asheimstølen. Stien er merka når ein kjem til utmarka, men naturleg avgrensa sti på innmarka. Veldig flott utsikt frå Såta, og sela på Asheimstølen er godt vedlikehaldne og utgjer eit flott tun som vert mykje brukt. 

Ca. 1,5 time til Asheimstølen. På Asheimstølen står det skilta mot Portevarden. God merking. Litt stigning, men godt å gå. Ca. 1 time frå Asheimstølen til Portevarden. Total tid ca. 2,5 time ein veg. Utsikta frå Portevarden gjev ro i sjela.

Adkomst

Parkerer ved gamle skulen på Asheim.