Rundtur over Tverrhammaren

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.548 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 6 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 629
Sesong: Mai - Oktober
Område: Nordhordland

Beskrivelse

Denne kan takast som ein rundtur eller velje ein kortare tur med fleire alternativ. Parkerer rett etter siste huset på Engeset. Startar på grusveg, går til skilte mot Engesetstølen (til høgre etter grind). Det er ein naturleg umerka sti/grusveg til Engesetstølen. Det er motbakke heile vegen, ca. 1 time. Flott og velhalde stølsmiljø. Vidare kan ein velje å gå mot Brekkestølen, Tverrhammaren eller Nipa. Det tek ca. 1 time til kvar av desse. Om du ynskjer å gå rundturen så kan det vere lurt å rekne 6 timar totalt. Fin tur med variert terreng.

Adkomst

Parkerer rett etter siste huset på Engeset