Bottsvatnet

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.114 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 592
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen opp til Bottsvatn startar frå Byrkjenes. Det ligg ein støl inst i dalen mellom eggene av Tørviknuten og Vesoldo. Her har isen trykt seg ned og laga ein dal med ei forsenking der vatnet ligg. 

Føl merka sti (raud rute) og T-merking oppover den skogkledde lia. Stien passerer eit utsiktpunkt med ein benk, før den held fram opp på eit høgdedrag, der ein får utsikt ut Hardangerfjorden, mot Tveitakvitingen og det alpine landsskapet i Kvinnherad. Her deler stien seg i raud rute (Vesoldo) og blå rute (Fadnastøl), men begge fører til Vesoldo. I snøsmeltinga er elva litt stor og stri i ruta til Fadnastøl, så det er lurt å følgja raud rute til ein kjem til ei bru på venste side. Kryss over brua, og stølen Fadnastøl ligg framme i stien. Den blå løypa går her vidare til Koldal. Etter Fadnastøl skal du rett fram under berget, og so til høgre. 

Etter krysset Fadnastøl/Vesoldo - føl sti og merka rute oppover lia ca 250meter før du skal ta på umerka men tydeleg sti ut til høgre. Denne stien fører deg til utosen på Bottsvatnet.

Adkomst

Frå Strandebarm Ta av frå F49 i ytste enden av tunnellen på Fosse, det er skilta Haukås. Ta til venstre, du køyrer då over tunnellen. Køyr oppover gjelet til du kjem til ei bru på høgre side, her startar Tordalsvegen. Køyr over brua og oppover til Engjadalsvatnet, sving til venstre og køyr langs vatnet. Du kjem til garden Tordal, køyr gjennom tunet. Eit lite stykke vidare kjem du til ei grind, der startar bomveg. Det er då ca 2 ½ km til parkeringsplass ved Byrkjenes.