Tveit- Kallbakk

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 5.532 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 722
Sesong: April - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen til Kallbakk på 744 moh. går gjennom fleire kulturbeite. Hugs å late att grinder! Etter dei fyrste 20-30 min kryssar ein stien frå Djuvik. Turen går fyrst på ein gamal gardsveg (Øksdal) gjennom "Plassabeite". Her ser einrestar av grunnmur tilgamle plassbuarar, og sjeldne høge einertre (sprake). Vidare går stien opp til bilvegen som ein fylgjer omlag 40 m. Så går stien i austleg retning oppover og gjennom neste Kulturbeite. I søraustleg retning treffer einskogsbilvegen til Hovland og Djuvik. Sørover går stien etter skogsveg og sti opp til stølane Mytingen, Kongsli og Kongshaug. Stien til Hola og Kallbakk går vidare etter traktorveg oppover mot Hangsete. Stølen Hola høyrer til Tveit/Øksdal. Aust for stølsbøen går stien vidare opp til ei hytte med flaggstang der det er eit skilta stikryss. Austover kjem ein til Kallbakk, fjellstølen til dei største gardane på Vangsnes. Frå Kallbakk går det merka turstiar både til Varpet og Tenål i Vik, Åfet i Feios, Djuvik og Vangsnes. Det går også merka sti opp på Kongshaug (857 moh.), der ein har fantastisk utsikt over heile området og Sognefjorden.