Gullsete

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.9 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 361
Sesong: Hele året
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen til Gullsete (715 moh.) går stort sett på ATV-veg og i lett skogsterreng. Dei siste 500 metrane mot Brekka er noko brattare. Etter den fyrstekilometeren på ATV-veg kjem ein til Haugasete, ein heimestøl som ligg ca 460 moh. ATV-vegen går nestenheilt fram til Gullsete,der det erutsyn nedover dalen. Stien kan til tider vere våt, då det renn mange småbekkar i området. Ein lyt over treelvar med bruer langs heile turen, samt ei elv mot slutten av turen, der det ikkje er bru.

På Haugasete og Gullsete har det tidlegare vore stølsdrift.Det fortel deimange grunnmurane til stølshusa om. Namnet Gullsete skal komme av at smøret ein produserte her blei sålysande gult på grunn av det saftige graset. Framleis går her beitedyr heile sommaren, mest sauer, men ogkyr. Ca 5 km sør for Gullsete ligg Svartavatnet. Det tek imot vatn frå Fresvikbreen, som høyrer til Nærøyfjordenverdsarvområde, og legg grunnlaget for Storelvi som renn heiltned til Sognefjorden ved butikken i Feios.

Adkomst

Frå Osen i Feios køyrer ein på austsida av elva innover dalen. Frå Lundsvegen er det skilta til startpunktet påturen og ein liten parkeringsplass, som ein kjem til etter om lag 1,5 km på skogsveg