Lunde - Vidasethovden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.202 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 5 timer
Gradering: Krevende
Høydemeter totalt: 834
Sesong: Mai - Oktober
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen startar frå Lunde, ca 400 moh, og går i fire til dels bratte kilometer opp til Vidasethovden på 1227moh. Første delen av turen går gjennom granskog. Stien opp er stort sett tørr. Ein kan møte på sau og kyrsom beitar i området. 

Omtrent halvveges på turen kjem ein til eit gammalt steingjerde som vert kalla Fjellgarden, 770 moh. Denne steinmuren skilde mellom heimebeite og fjellbeite i tidlegare stølstider. Frå denne steingarden vert terrenget litt flatare og ein kjem i ope fjellterreng. Ein passerer eit område med myr, eit lite tjern og ei lita hytte før einkjem til fjellstølen Vidasete, 788 moh. Turen herifrå er bratt og til dels steinete fjellterreng. Oppe på Vidasethovden er det ein steinvarde. Ca 150 m lenger framme vert ein premiert med ei spektakulær utsiktover Sognefjorden og områda rundt.

Kvart år i starten av juli blir det arrangert motbakkeløp (Vidasete Opp) frå Lunde til Vidasethovden. Les meir påwww.feios.no. Frå Lunde kan ein også gå på skogsveg som sluttar ved Luftamyri, ca. 350 m før Vidasete

Adkomst

Turen startar frå Lunde, ca 400 moh,