Skard - Mulakamben

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.721 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 406
Sesong: Mai - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Frå parkeringsplassen i Skard, 580 moh., går ein 50 m vidare på bilvegen, tek så til venstre over eit myrlendtområde og deretter til høgre langs stien oppetter eit lite dalføre og innover i furuskogen. Etter ca 100høgdemeter, er ein oppe på åsryggen og fylgjer denne i småkupert terreng innover til Middagshaugen, 750moh. Her har ein fin utsikt over Sognefjorden mot Leikanger og innover mot Storehaugen og Jotunheimen.

Deretter går ein bratt nedover ca 60 høgdemeter, over ei myr og vidare til ein ser skiltet «Jentestein». Herkan ein ta ein liten avstikkar og få flott utsikt over Fresvik. Namnet kjem av at ein gut frå garden Svea, om kveldane gjekk hit for å ropa over dalen til jenta si som støla på Bjønnstigen.

Vidare går ein nedover til husmannsplassen Holten der ein fylgjer ein gammal skogsveg inn til kanten av Mulamyri. Her tek stien til venstre, inn og oppover i furuskogen til ein kjem ut på Mulakamben, 580 moh.Flott utsikt over Fresvik. Ved å gå 200-300m austover herifrå, vil ein også finna eit fint utsiktspunkt innover fjorden.

Adkomst

Frå parkeringsplassen i Skard, 580 moh