Type: | Fottur |
Lengde: | 3.254 km |
Turen går: | Turen går én vei, fra A-B |
Varighet: | 3 timer |
Gradering: | Middels |
Høydemeter totalt: | 519 |
Sesong: | Mars - November |
Område: | Nærøyfjorden landskapsvernområde Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene |
Start ved parkeringsplassen i Skard på Fresvikåsen,580 moh. Stien til Jordalsskard tek av frå bilvegen like før parkeringsplassen langs eit bekkefar. Er ein først kommen inn på stien er han tydeleg og lett å følgja. Han går etter kvart på høgre side av Nysagelva oppover lia. Over skoggrensa der det flatar ut, kryssar ein elva ogheld fram innover mot Jordalsskard (ca. 1100 moh.). Ein må rekna ein god time på turen opp. Frå Jordalsskard kan ein på varda sti halde fram mot stølen Snauasete.
Start ved parkeringsplassen i Skard på Fresvikåsen,580 moh