Synshovden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 3.861 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 666
Sesong: Mars - November
Område: Stølsheimen, bergsdalen og vossefjellene

Beskrivelse

Turen til Synshovden på 790 moh. kan ein starte direkte frå Vik sentrum. Ein kan parkere ved Vik stadion oggå på kommunal veg opp til Øvste Hopperstadmarki, der ein held vidare fram på skogsveg. Ein kan også køyre opp til Hopperstadmarki, parkere i svingen til skogsvegen og starte turen derifrå. 

Fyrste etappen går på skogsveg og sti til stølen Gunnarsete (ca. 475 moh.). Langs stien til Gunnarsete er det ein natursti med 10 informasjonstavler som fortel om plantar og dyr langs stien. Ein kjem forbi to utløer med rasteplassar. Stien,som også er skilta, går for det meste gjennom lauvskog, og eit stykke i granskog. Fine utsiktspunkt! Den siste etappen går frå Gunnarsete opp på Bøeggi, og så opp på Synshovden, der det vedfint vêr er flottutsikt på Sognefjorden!Ein kan enten gå same veg tilbake, eller halde fram eit stykke langs Bøeggi og gå ned via skogsvegane Eggjavegen og Bødalslivegen. Går ein Bødalslivegen i nordleg retning, kjem ein tilbake til Gunnarsete. Går ein sørover, kjem ein ut på Rosheim, ved Tistel Camping.

Adkomst

Vik sentrum