Elvelangs i Ål 10 turfavorittar 2021

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.406 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 96
Sesong: Hele året
Område: Hallingdal Norefjell og eggedalsfjella Skarvheimen

Beskrivelse

Sundre/Ål sentrum

Elvelangs 7,6 km rundtur

Frå Sundre torg går du austover på Sundrevegen, forbi butikkane og ut av sentrum. Følg gangvegen i ca 2 km. Rett etter Sundrevegen nr 152 krysser du vegen og kjem inn på ein brei traktorveg/stig. Følg denne til du kjem til Ål Camping. Herifrå følger du Elvelangs vestover til Hallingdal Feriepark. Frå Hallingdal Feriepark følger du Myrovegen og Sundrevegen tilbake til sentrum. Om du ikkje ønsker å gå heile runden er det fleire plassar undervegs du kan gå tilbake til sentrum.

Adkomst

Turen kan starte kvar du vil frå Ål sentrum, frå Hallingdal Feriepark eller Ål Camping. Me beskriv den frå parkeringa på Sundre torg.

Parkering: på Sundre torg, på andre sida av Tingstugu, midt i Ål sentrum

Km: 7,6 km rundtur på fin stig.