Lya tur og sykkelstig 10 turfavorittar 2021

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 7.214 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 117
Sesong: Juni - Oktober
Område: Hallingdal Skarvheimen

Beskrivelse

Votndalsåsen

Lya tur og sykkelstig 7,3 km t/r

Frå parkeringa ved Lyabrue går den grusa turstigen over Eitra og vidare i eit lett terreng fram til den andre brua. Herifrå stig det noko opp til eit høgdedrag. Posten står her ca 1,5 km frå Lyabrua. Det er anbefalt å gå stigen til endes ved Steintjødne. Gå same vegen tilbake. 

Ved å løyse fiskekort er det mogleg å fiske både i Lya og Steintjødne. Ved Lyabrue er det fine bademoglegheiter. Her er det satt ut både benkar og bålpanne, til fri bruk.

Adkomst

Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta til venstre ved skilt mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (fylkesveg 2930) i ca 2 km til skilt Votndalsvegen, til høgre. Følg denne til skilt Skrindovegen, også til høgre, og følg denne til stort postkassestativ/info.tavle, ca 2,7 km frå starten av Votndalsvegen. Du kjem no inn på Åsetnovegen og følger denne i ca 10 km til du kan sjå elva Lya og brua over elva. Bomveg.

Parkering: på parkeringsplassen ved Lyabrue.

Km/moh: 7,3 km t/r. 925 - 989 moh.

Kart: Reineskarvet 1:50 000.