Buhovdnatten 10 turfavorittar 2021

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 6.602 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 2 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 166
Sesong: Juni - Oktober
Område: Hallingdal Norefjell og eggedalsfjella

Beskrivelse

Veståsen

Buhovdnatten 6,7 km t/r

Frå parkeringa følg stigen mot Dyna i ca 70 m, til kryss med fleire skilt. Herifrå følg skilt mot Buhovdnatten. Turen går i lett terreng mellom små tjørn og myrar. Frå toppen ser du mykje av Veståsen med sine mange vatn og myrar.

Eit gamalt sagn frå Buhovdnatten fortel om ei budei som skal ha vore rundt på åsen med dyra, men då kvelden seig på kom dyra attende – åleine. Budeia hadde vorte teken med inn i ei hole i Buhovdnatten. Ho vart verande i tre dagar, men då ho den tredje dagen vart servert blodmat, neka ho å eta. Då vart ho kasta ut frå fjellet. Budeia kom seg attende til stølen, men bar preg av hendinga i mange år etter, seiast det…..

Adkomst

Køyr opp Vestlivegen frå Ål stasjon, og følg Vestlivegen og etter kvart Bossetvegen, til Bosset, i ca 11 km frå Ål stasjon. Bomveg.

Parkering: på Bosset, ca 100 m etter Bossetvegen 611

Km/moh: 6,7 km t/r. 1060 - 1158 moh.

Kart: Geilo (Norges-serien) 1:50 000.