Nordsjøløypa frå Stolmabrua til Gauksheim

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 9.044 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 20 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 522
Sesong: Hele året
Område: Steinevik naturreservat Sunnhordland

Beskrivelse

Løypa startar frå parkeringsplassen ved Stolmabrua. Nordsjøløypa går gjennom utmarka, sørover i retning den smale landstripa mellom Alfarvik og Alfarvatnet, og forbi det vesle vatnet sør for Alfarvatn. Eit stykke sør for vatna ligg eit gamalt sankegjerde for villsau, bygd av stein. Utmarka, - lyngheia, er beitemark. Tidlegare sanka dei lyng til storfe frå utmarka, feet vart halde i hus om vinteren, men i sumarhalvåret gjekk også desse dyra i utmarka. I myrane tok folk torv til brensel, og ein kan framleis sjå restar etter torvtak i myrane. Frå sankegjerdet går løypa austover og er innom søre delen av Steinevik naturreservat. Naturreservatet har variert myr- og heivegetasjon, og eit rikt planteliv. Hjort, ørn, hubro og hoggorm er også observerte i området. Løypa held fram i austleg retning til sørenden av Raugavatnet, den raude fargen i berggrunnen her har gitt vatnet namn. Løypa går austover og i retning Furufjellet. Men i staden for å gå opp på Furufjellet, bøyer løypa sørover og ned Hotvikdalen. Du følgjer dalføret heilt til dei to husmannsplassane i Hotvik. Kring husmannsplassane er det eit heilt særprega og unikt kulturlandskap. I Kvernavika går løypa heilt nede ved stranda, og herfrå oppover i retning Kvernavatnet. Stien går på vestsida av elva, der det er restar etter fleire kvernhus. Her ligg dessutan ein heller der det seiest å ha vore utvunne myrmalm, og oppe ved vatnet har det også vore demning. Frå sørauststranda i Kvernavatnet går stien gjennom eit dalføre, og fylgjer ei gamal kraftline i retning Gauksheim. På Gauksheim er restar etter gamle og vakre kulturlandskap.

Adkomst

Parkeringsplass og rasteplass ved Stolmabrua på Selbjørnsida av brua.

Stoppesteder

Buss med rute frå Hufthammar(ferje), via Bekkjarvik(hurtigbåt) til Stolmen.