Trollskogen på Algrøy, Øygarden

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 1.758 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 1 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 79
Sesong: Hele året
Område: Øygarden

Beskrivelse

Startpunkt: Algrøy skule (Gangstø) Normal gangtid: ca 30 minutt éin veg. Parkering: Algrøy skule (Gangstø) Trollskogen er ein spennande naturleikeplass som skjuler seg i ein granskog på Algrøy. Du går frå fra Algrøy skule og eit stykke tilbake på bilvegen til du kjem til Storvegen. Her fortsetter du innover til du kjem til ei grind/utmark. Herifrå går du på grusveg til Rothilderen og følger blå sti ut til høgre. Etter ca. 15 min. gange kjem du til "Trollskogen". Leikeapparata er til høgre. Om du går til venstre kjem du til "Elvana", ein koseleg rasteplass ved Storavatnet. Her er det bålpanne og benkar. Her er også nokre trebåtar som borna kan leike med i den vesle elva som renn forbi. Hugs å ta med søppel, matrestar og evt. eingongsgrill heim igjen. Pass på at båtane vert lagt på plass igjen etter bruk. 

Adkomst

Følg RV 555. Etter Kolltveitunnelen tek ein til venstre retning Klokkarvik. Ved Fjell Kyrkje tek ein til høgre retning Møvik. Her følger ein vegen ca 7 km. Køyr til venstre mot Langøy, Syltøy og Algrøy. Etter Langøybrua tek ein til høgre mot Algrøy. Køyr til gamle Algrøy skule som ligg på høgre siden av vegen, etter siste bakke ned mot sjøen. 

Stoppesteder

Frå Straume Terminal tek ein buss 467 mot Algrøy-Syltøy. 

Linker