Panoramaturen frå Iglandsvik til Grotlesanden.

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 4.861 km
Turen går: Turen går én vei, fra A-B
Varighet: 2 timer 30 minutter
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 558
Sesong: Hele året
Område: Fjordane

Beskrivelse

Turen starter ved skilt på Iglandsvik. Du føl blå/raudmerka sti til utmarka og vidare langs fjellsida oppover til krysset der stiane går i kvar si retning.

No går du i retning vest på god sti gjennom lyng og einedekt terreng. Fleire gonger på vegen vil det opne seg utsyn mot Grotle på flatene nedanfor. Heile turen har utsyn mot sør; bygdene på sørsida av Bremangerpollen, øya Frøya, øyane vidare sørover langs kysten og sjølvsagt vestover i havet. Etter kvart passerer du gamle murar som vitnar om bruk av dette området til beite for storfe. Etter 2 km kjem du fram til ein grusveg som du skal følje ca 500 m oppover til ein ny peikar. Her tek du av og går på grasdekt underlag, i retning vest, før du kjem fram til utsiktspunkt mot Grotlesanden. Du føl fjellryggen Martinsbakken nedover, forbi eit sel og vidare heilt ut til elva i Grolsdalen. No går du inn på sti som følest som den stuper ned i havet. Men, stien er mykje brukt, god å ta seg fram på og tydeleg. Denne skal du følje nedover fjellsida like til Grotlesanden.

Mange tek seg ei pause ved utsiktspuktet Olasteinen, etter den brattaste delen ned.

Som ei avslutting på turen kan det vere herleg med eit forfriskande bad på Grotlesanden.

Heile turen tek ca. 2,5 t.

Adkomst

Parkering ved Iglandsvik Marina.