Rundtur Rundemellin

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.502 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 3 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 599
Sesong: Juni - Oktober
Område: Hemsedal, golsfjellet og valdres Langsua

Beskrivelse

Turen er skilta frå startpunktet på Turrsjøen. Skiltet til stien på nord/austsida av Rundemellin startar 100 m lenger inn på vegen frå parkeringa. Når ein nærmar seg sjølve oppstigninga til Rundemellin, er det fleire stiar til toppen. Returen frå toppen bør gå langs den stien som blir vist i dette turforslaget. Den bratte stien til venstre for anbefalt rute, er ikkje eigna for uerfarne. På sørsida av Rundemellin kan det vere parti som er våte. Det er muleg å legge turen utanom dette våte partiet ved å gå rundt tjernet på 1130 moh.

Toppen av Rundemellin på 1345 moh. har flott utsikt mot Jotunheimen, Langsua nasjonalpark og vestover mot Vang, V.Slidre og Hemsedal. Det står ei sikteskive på toppen.

Ta turen innom Kalvemellin, det er ein fin avstikkar frå hovudstien

Adkomst

Følg fv. 51 og ta av ved Melbybråten (sør i Rogne). Følg stølsvegen Juviken – Etnelie (bomveg), og ta av til venstre mot Turrsjøen og parker øverst på stølen Turrsjøen. NB! Tidleg på våren kan vegen inn til Turrsjøen være stengt med kjetting grunna teleløysing.

Stoppesteder