Bukkenipa 831 moh frå Markeset

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.608 km
Turen går: Turen går tur/retur samme vei
Varighet: 4 timer
Gradering: Middels
Høydemeter totalt: 496
Sesong: April - Oktober
Område: Fjordane

Beskrivelse

Bukkenipa byr på fantastisk utsikt ned til Vadheim og utover Vadheimsfjorden.

Stien til Bukkenipa er ikkje merka, men det er sti heile vegen. Over Hovlandsstølen er stien delvis varda til toppen.

Parker gjerne på utkøyring før grind/bru ved første garden. Stien starten over inngjeringane til bilar like oppom den øvste garden. Her går det sti til brua som kryssar Hovlandselva. Etter brua følgjer ein stien til Hovlandsstølen. Stien kan vere noko blaut nokre stader. Frå Hovlandsstølen følgjer ein sti opp langs Stølselva og kryssar denne eit stykke over stølen. Det er grei sti heile vegen. Over bjørkeskogen etter stølen er stien varda fram til Bukkenipa.

Turtid: ca. 2 timar ein veg, og ca. 3,5 - 4 timar tur/retur