Lalandsrunden - nærtur i Klepp

Om turen

Type: Fottur
Lengde: 8.384 km
Turen går: Rundtur
Varighet: 2 timer
Gradering: Enkel
Høydemeter totalt: 183
Sesong: Hele året
Område: Jæren

Beskrivelse

Turen går gjennom eit landskap der det har vore menneskeleg busetnad i svært lang tid. Langs ruta er det fleire spor etter dei tidlege kleppsbuane.

Runden startar på parkeringsplassen ved Gunnarsberget og går sørover på turvegen langs Frøylandsvatnet. Kaster du eit blikk utover vatnet kan det hende du får sjå toppdykkaren som held til her. Du passerer snart Lalandsholmen, staden der det blir hevda at Olav Tryggvason blei fødd.

Her finn du også Midgardsormen, brua over til Njåskogen. Ta gjerne ein tur over brua visst du har tid. Vil du utvida turen er det eit godt løypenett her.

Etter vandring gjennom skogen kjem du til Steintangen der dagsturhytta Frøya skal plasserast. (Frøylandsvatnet har to plassar som heiter Steintangen, den andre ligg lenger nord). Ta ein tur innom dagsturhytta før du fortset over jernbanebrua. Følg merkinga over brua. Her går ruta i same trase som Tinghaugrunden.

På vegen oppover passerer du Mosberget, staden der forfattaren Torvald Tu budde. Følg nå Lalandsvegen sørover eit stykke, før du tar av og går opp mot Postvegen.

Når du kjem til Postvegen skal du dreie nordover. Frå Postvegen har du eit vidt utsyn over kulturlandskapet med steingardar og veldriven jord. Vegen er ei gamal ferdselsåre, i si tid bygt for ferdsel med hest og til fots.

Du følg Postvegen heilt til du kjem til Stasjonsvegen. På gang- og sykkelvegen går du vidare til Klepp stasjon og vidare tilbake til parkeringsplassen ved Gunnarsberget.

Turen er eigna for barnevogn og rullestol, men då kan ein med fordel gå motsett veg for å unngå dei brattaste stigningane. Brua over jernbanen kan vera for utfordrande for enkelte rullestolbrukarar.

Turen er 8,2 km lang.